Geoterm teamet
Under bygga våre ligg ei energikjelde som nesten ikkje blir brukt. Geoterm på Voss hentar varme og kjøling frå grunnvatn, og byggjer, eig og driftar anlegga sjølv. Kunden betalar berre for energien. Straumbruken til varme og kjøling går ned med opp mot 80 prosent, presset på straumnettet blir mindre, og anlegga krev nesten ikkje areal.
Hydrogeologane Christian Rekve Bryn, dagleg leiar, og Oddmund Soldal, teknisk leiar, har grunnlagt selskapet. Bak ligg fem års forsking gjennom ein nærings-ph.d. No går dei frå forsking til anlegg i drift. Styret og investorane har bakgrunn frå sensorteknologi, energi, marknad og industriell symbiose.
Målet er rask skalering til bygg, industri og næring i heile landet.
Vedlagt er bilete av alle som starta opp selskapet med Oddmund og meg. I andre biletet er det inkludert Isabell som er på arbeidstrening og jobbar med styringssystem og VVS. De kan velge kva de vil bruke.
Bilete frå venste; Kaia Finne (næringssjef Voss og seriegrunder), Lars Krangnes (Grunder CautusGeo), Oddmund Soldal (CTO, co-founder), Jon Gjerde (Seriegrunder, blant anna Kitemill), Christian Rekve Bryn (CEO, co-founder) og Elise Dahle (Seriegrunder)