Informasjon
Hotel Ullensvang |  5-6. november 2025 | Lunsj til lunsj konferanse

Tema

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bustadbygging

Entreprenør og utfordring

Bygg utanfor boxen

Kvifor Hardanger?

Rekruttering av arbeidsstad der du vil

Investeringsfond

Utdeling av Nyskaparprisen 2025

-Sparebankstiftinga Hardanger

Hardangerkonferansen

Konferansen rettar seg mot alle med samfunnsinteresse og samfunnsansvar som vil bidra til eit livskraftig Hardanger.

Me ønskjer eit levande Hardanger som kan sjå framtida lyst i møte. Det får me til med samarbeid på tvers av næringar, det offentlege, sektorar og kommunegrenser.

Me er små kvar for oss, men sterke saman. På Hardangerkonferansen set me fokus framover.  Målet med Hardangerkonferansen står fast: Alle gode krefter som vil utvikling for Hardanger rettar energien same vegen og gjer kvarandre sterke.

Motsetningar må på bordet og avklarast. Hardanger er inne i ei optimistisk tid med betre kommunikasjonar, ny industrisatsing, auka folketal og gode fellesprosjekt. Her vil me bu og leva gode liv. K

onferansen rettar seg mot alle med samfunnsinteresse og samfunnsansvar som vil bidra til eit livskraftig Hardanger.

Hardangerkonferansen er eit samarbeidstiltak mellom:

Roald Aga Haug

Ordførar Ullensvang kommune

Jens Olav Holven

Ordførar Ulvik herad

Torgeir Næss

Ordførar Kvam herad

Timo Knoch

Ordførar Eidfjord kommune og rådordførar i Hardangerrådet